Romsdalsk realisme møter sunnmørsk surrealisme

Lørdag 27. januar

Parken kulturhus

Klokken 17:30

 

Marit O Kaldhol debuterte i 1983. Ho skriv lyrikk, noveller, romanar og barnebøker, og er av den sjeldne arten heiltidsforfattar med adresse Ålesund. Men kor godt kjenner ålesundarane til Marit O Kaldhols forfattarskap?

Edvard Hoem debuterte i 1969 og er ein bauta i norsk bokverd. Hoem har fått eit svært stort publikum, særleg gjennom bokserien om slekta i Romsdal som starta med Slåttekar i himmelen i 2015.

Marit O Kaldhol og Edvard Hoem er ulike som forfattarar, men har også mange fellestrekk.

I samtale med Mariann Schjeide fortel Hoem og Kaldhol om eigne forfattarskapar, om kvifor dei skriv, om kva dei vil – og litt om korleis dei les kvarandre?

Arrangementet er heilt GRATIS, og det er ingen billettar.

Kombiner gjerne denne programposten med fleire programpostar som finn stad på Parken kulturhus laurdag 27. januar

Velkommen!

Marit O Kaldhol

Marit O Kaldhol (1955) er født, oppvaksen og busett i Ålesund. Marit O Kaldhol debuterte i 1983 med diktsamlinga lattermilde laken. Sidan har ho gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. Forfattarskapen hennar er rik og variert og inneheld både biletbøker, lettlesbøker, 

drama/konsertar, bøker for barn og ungdom i tillegg til dikt, noveller og romanar for vaksne. 

Siste bok frå Marit O Kaldhol er på ei trapp i universet, dikt for barn (2022).  

Foto: MA Ortiz

Edvard Hoem

Edvard Hoem (1949) er født og oppvaksen i Fræna, busett i Oslo. Edvard Hoem debuterte i 1969 med diktsamlinga Som grøne musikantar. Hoem har eit langt og variert forfattarskap, og har mellom anna skrive romanar, skodespel, dikt, salmar, balladar og biografiar. Særleg romanserien om si eiga slekt, som starta med Slåttekar i himmelen, har gitt Edvard Hoem ein stor lesarskare.

Edvard Hoem har fått ei rekkje prisar og utmerkingar, mellom anna Brages heiderspris i 2019.

Siste bok frå Edvard Hoem er Husjomfru (2023). 

Foto: Paal Audestad