Torsdag 25. januar

Ålesund bibliotek

Klokken 16:00

Oskar og eg møter vi storesøster Ida og veslebror Oskar. Ida fortel, men den viltre og eigenrådige Oskar speler stadig hovudrolla i forteljingane hennar. Det handlar om lengten etter ein trampoline, om elvesafariar i vårsola og forsvunne vampyrar i haustmørket. Det handlar om forandring og sakn, om melis og mold, og om leik på lat og på ekte.


Oskar og eg er ei varm høgtlesingshistorie om det å vekse til, og ein hyllest til kvardagen, til søskenforhold og til alle dei plassane vi er.

Passar best for barn frå 6 år og oppover.

Arrangementet er heilt GRATIS, og det er ingen billettar.

Velkommen!

Maria Parr - Oskar og eg

Maria Parr

Maria Parr debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2023 fekk ho og illustratør Åshild Irgens Brageprisen. Maria Parr er frå Fiskå i Vanylven.

Foto: Julia Marie Naglestad