Fosse for dumskallar

Linda Eide // Fosse for dumskallar

Torsdag 25. januar

Parken kulturhus - konsertsalen

Klokken 20:45 (Dørene åpner 20 minutter før arrangementstart)

Har du høyrt masse om Fosse men aldri lese han? Har du lese Fosse men er nysgjerrig på mannen? Velkomen til noko såpass sjeldan som ei lys og lett Fosse-forestilling. Fosse for dumskallar er Linda Eide sine forteljingar, analysar og anekdotar om det største fenomenet som nokosinne har kome frå Hardanger. Kva skjedde eigentleg då Jon Fosse tok heilt av? Korleis vart den uhippe strandebarmingen plutseleg verdas kulaste dramatikar? Kva er forholdet hans til komma, komle og bilkøyring? Og ikkje minst: Er Fosse så forbanna utilgjengeleg som folk skal ha det til?

Manus og framføring: Linda Eide

Piano og verbal bækking: Sjur Hjeltnes.

Arrangementet er heilt GRATIS, og det er ingen billettar.

Velkommen!

Linda Eide

Linda Eide har jobba som journalist og programleiar i nrk radio og fjernsyn i over tre tiår. Ho har mottatt ei rekke prisar for si formidling. Eide skriv også bøker og teaterframsyningar, og framfører sjølv det ho skriv. Sidan 2017 har ho fronta programmet Eides språksjov, og gjort språkopplæring til laurdagsunderhalding på NRK1. 

Foto: Jarle Hovda Moe